Stor givarglede i Ørsta!

TV-aksjonen.jpg

Tusen takk for den store givargleda til TV-aksjonen 2017. Kr 516 822 vart samla inn i Ørsta - tal frå www.giverstafett.no. Møre og Romsdal vart nr.1 i landet!

Ein stor takk til alle som gjekk med bøsser, sjåførar som frakta bøsseberarane rundt og banken som tok opptelling. Komiteen har eit fantastisk samarbeid med Møre Folkehøgskule med flotte og positive elevar /lærarar.

Fleire av barneskulane og ungdomsskulen i kommunen har delteke med ulike tiltak og arrangement for å samle inn pengar. Takk til alle som var med her !

Delar av formannskapet har hatt ringerunde til næringslivet som var rause og støtta opp om innsamlinga.

Hjartans takk til Rebecca på frivillighetssentralen. Ho har koordinert TV-Aksjonen på vegne av Ørsta kommune på ein suveren måte- Det er mange detaljer som må på plass for å få eit så vellykka resultat som i år. Å finne rodeleiarar er ei svært viktig og avgjerande oppgåve. I år fekk vi med engasjerte personar i alle bygdene.

Vi er stolte av innsatsen til kvar og ein!

- Helsing frå TV-aksjonsnemnda i Ørsta kommune

Følg oss