Statsforvaltaren på besøk

Tysdag 17. oktober var Statsforvaltaren i Møre og Romsdal i Ørsta på kommunebesøk. Der fekk dei møte det nye formannskapet, kommunedirektøren og leiargruppa.  

Ingvild Marie Taraldset / Ørsta kommune

Ordførar Per Are Sørheim ynska velkomen til Statsforvaltaren som stilte med mange representantar denne dagen. Dialogmøtet vart vidare leia av Rigmor Brøste, ass. statsforvaltar i Møre og Romsdal.  

Statsforvaltaren presenterte eit overordna kommunebilete, inkludert kommuneøkonomi. Brøste la vekt på kommunen sitt handlingsrom gjennom som å oppdatere planar. Hennar råd til politikarane er å oppdatere samfunnsdelen snarast slik at ein har eit godt politisk grunnlag. Ordførar Per Are Sørheim fortel av vi har ein tydleg sentrumsplan og eit godt grunnlag, men kan kanskje ha litt meir heilheit.  

Vidare fekk alle kommunalsjefane høve til å presentere sine kommunalområde.  Etter ein lita pause vart det også drøfta korleis ein kan bidra til FNs berekraftsmål. 

Statsforvaltar har slike kommunebesøk til alle kommunane i fylket gjennom ein fireårsperiode. Det er viktig for dei å kome ut til kommunane og få sjå og høyre både om utfordringar og alt godt arbeid som vert gjort. Dialog er viktig

 

Glad sak på 1,5 millionar

Det kom fram i møtet at Ørsta kommune har fått innvilga søknad om tilskot frå Statsforvaltaren på 1,5 million kroner som t.d. kan brukast på å engasjere/tilsetje to ambulerande ungdomskontakter som vil kunne gi rask oppfølging til ungdom mellom 12 og 18 år som kan ha utfordringar knytt til rus eller speleavhengigheit/gaming.

Statsforvaltaren bekreftar at pengane skal bli utbetalt i desse dagar.

Følg oss