Sommaravslutning på Kaihuset


Tysdag 19. juni hadde Kaihuset sommaravslutning for ungdommane i crewet og dei tilsette. Dette har blitt ein tradisjon siste veka før ferien, der vi først møtast til dugnad i ungdomskafeen og ryddar, gjer reint, skiftar vatn på boblerøra og utfører diverse vedlikehald. Så kosar vi oss med pizza og brus, før vi avsluttar med ein film på Ørsta kino. 



Velfortent avslutning for dei frivillige

Kaihuset spanderer denne kvelden på crewmedlemmane som takk for innsatsen dei gjer i kiosken og døra. Crewgruppa har som regel mellom 15 og 25 medlemmer, nokre må slutte i løpet av året og nye kjem til. Med nærare hundre opningskveldar i løpet av eit skuleår seier det seg sjølv at det er gull verdt med ein solid gjeng frivillige ungdommar for å få kiosk- og matsal til å gå som smurt!  Crewmedlemmane bidreg også på UKM lokalmønstringa, samt andre arrangement der ungdomsklubben er involvert. 

Ein flott gjeng!

- Foto og tekst: Hans Robert Bondhus, Kaihuset

 

Følg oss