Samhandlingsprosjektet Helse Omsorg

Prosjektgruppa med ferdigstilt sluttrapport

Prosjektgruppa for Samhandlingsprosjektet Helse og Omsorg feirar vel gjennomført sluttrapport. Dei er svært stolte av å ha utarbeida ein kortfatta rapport med visjonar for ei framtidsretta primærhelseteneste. Rapporten kjem som sak i komande levekårsutval (1.mars) og kommunestyremøte (9.mars).

Framside_samhandling.png

 

Utdrag frå rapporten

 
"Rapporten gjer greie for aktivitetar og resultat i Samhandlingsprosjektet Helse Omsorg.
 
Prosjektet har på den eine sida kartlagt helse- og omsorgsfunksjonar det er ønskje om å samlokalisere i Dalevegen 24 i Ørsta sentrum i eit nytt Helsehus, og rapporten peikar på tre hovudalternativ for rehabilitering og ombygging.
 
På den andre sida har prosjektet arbeidd med strategiar for meir koordinerte 
tverrfaglege helse- og omsorgstenester i primærhelsetenesta i Ørsta kommune".
 
Heile rapporten kan du lese her
 

Følg oss