Ørsta-album nr. 15

Ørsta-album 15-rett.jpg

No har Ørsta-album nr. 15 kome. Den er så fersk at det ryk av ho.
Årets bok inneheld 280 fotografi frå 1871 – 2015. Meir enn 1400 ulike personar er namnsette i eige register. Ørsta-album 15 har også med stikkordregister for Ørsta-album 1-15. 

Torsdag ettermiddag kom bøkene til rådhuset, og fredag 13. november vil bøkene vere klare for distribuering til dei  bokhandlarane som har tinga bøker.
Boka kan sjølvsagt kjøpast ved servicekontoret på rådhuset mot kontant betaling.

Vi har også pakkeløysingar dersom nokre er interessert i tidlegare utgåver:
Ørsta-album 1-12    kr. 100,- pr. bok – samla kr. 1.000,-
Ørsta-album 13-15  kr. 300,- pr. bok. 

Følg oss