Oppstart av FRAM Flexx bestillingstransport i Ørsta

Fram-Flexx-logo.pngTilbodet vil gi eit kollektivtilbod mellom Ørsta og Sæbø på kveld og i helgene, og planlagt oppstart er august 2017. 

Ordninga vart vedtatt tidlegare denne veka, etter eit framlegg frå samferdselsavdelinga om å starte opp tilbod om bestillingstransport – FRAM Flexx – i Ørsta kommune. Dette vil vere eit samarbeid med Ørsta kommune, og det er ein føresetnad at kommunen dekker delar av kostnadene.

Korrespondanse med ferja på Sæbø

Forslaget omfattar to avgangar frå Ørsta til Sæbø via Follestaddalen og Åmdal på sein ettermiddag/kveldstid måndag-fredag, for korrespondanse med ferje Sæbø - Lekneset. På laurdag blir det ein avgang frå Sæbø på formiddagen med korrespondanse med FRAM Ekspress i Ørsta, og ein avgang på ettermiddag frå Ørsta til Sæbø. Søndagar vil det bli ein ettermiddagsavgang frå Ørsta til Sæbø. Det vil også bli vurdert om ordninga kan utvidast til også å omfatte køyring til/frå nokre av bustadområda nær Ørsta sentrum.

Ei forbetring av kollektivtilbodet

- Vi er svært glade for å få til dette tilbodet i Ørsta kommune, seier Konrad Lillevevang, seksjonsleier i samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Å gi folk betre moglegheit til å kome seg til og frå kommunesenteret og til å nå korresponderande tilbod, er noko vi veit har stor innverknad på folk sin kvardag. Når vi no får til ei forbetring i kollektivtilbodet saman med Ørsta kommune, er dette svært positivt. Mykje av grunnen til at vi kan sette opp dette tilbodet, er at FRAM Flexx berre køyrer når nokon har bestilt, og dermed er eit kostnadseffektivt tilbod.

Ordføraren i Ørsta ser fram til oppstarten

- Med geografien til Ørsta er det vanskeleg å få kollektivtilbodet godt nok. Når det er vanskeleg å få til faste ruter, må vi sjå på alternativ. Fram Flexx meiner vi er eit godt og fleksibelt alternativ som gir våre innbyggarar i definerte område mulegheit til å kome seg fram og tilbake på ein rimeleg måte på tidspunkt det elles ikkje går buss. Vi ser fram til at Fram Flexx kjem i gong i Ørsta, vi skulle gjerne sett det før hausten 2017. Og så skal vi vurdere utviding av dette etterkvart, seier ordføraren i Ørsta, Stein Aam. 

Om FRAM Flexx

FRAM er eigd og drifta av Møre og Romsdal fylkeskommune, som har ansvaret for  kollektivtilbodet i fylket. FRAM Flexx er ein del av det ordinære kollektivtilbodet, men er transport som berre blir køyrd når nokon har bestilt. Transporten blir som regel køyrd med drosje eller minibuss.

Med tilbringartransport kan du bli køyrd frå heim til haldeplass for FRAM sine rutegåande bussar, ferjer og hurtigbåtar, og frå haldeplassen og heim.

Med servicetransport kan du bli køyrd frå heim til kommunesentrum eller anna handels- eller servicesenter og frå slike sentrum og heim igjen.

Du må bestille tenesta ei bestemt tid i førevegen. Transport til/frå heim føreset at den reisande bor maks. 2 km frå oppsett køyretrasé, og gjeld ikkje rutar som køyrast av skolebuss eller rutebuss.

Følg oss