Ny skiltplan Ørsta sentrum

Skiltplan.jpg

 22.desember vart det vedteke ny skiltplan for Ørsta sentrum. 

Korleis skal eg forstå kartet?
Kartet ovanfor syner dei viktigaste endringane. Dei blå tala kan du sjå opp i mot tala på skilta til venstre i biletet, slik kan du lese ut informasjonen om kva skilta i området seier. Nedanfor er eit samandrag av endringane.

Webjørn Svendsen-gata
Nyttar du parkeringa på nedsida av Webjørn Svendsen-gata har du lov til å stå her i opp 3 timar mellom 8-17 (8-15 på laurdagar). Utanfor desse tidene vil det vere lovleg å parkere her lengre enn 3 timar. Skilta som syner desse endringane er bestilt og vi vonar at dei kjem opp snart.
 
Merk deg at parkeringsplassane her har endra køyremønster, då det er satt opp skilt om innkøyring forbode. Kvar du no kan køyre inn og ut, er merka av med piler på kartet - desse skilta er allereie oppe. 
 
Sjøbrauta.
Parkeringsplassane langs Sjøbrauta ha parkering forbode over 3 timar heile døgnet. 

Følg oss