Leskur på rutebilstasjonen

Leskur.JPG

Frå midten av desember var dei nye leskura på plass som fyste del av rutebilstasjonen i sentrum. Dermed har reisande med buss fått le og vern for ver og vind, og vinteren kan kome. Det vil snart bli montert lys i venterommet, og kommunen har bedt fylkeskommunen montere tavle for elektronisk reiseinformasjon.

Eit meir omfattande arbeid med å forbetre køyre- og ventearealet vil bli starta til våren. Kommunen ønsker også eit innandørs venterom, noko som vil vere avhengig av dialogen med fylkeskommunen og Statens Vegvesen.  

 

Følg oss