KOFA gav Ørsta kommune medhald i klagesaka om tildeling av kontrakt om skyssbåtteneste

I mars i år kunngjorde Ørsta kommune ein anbodskonkurranse for drift av skyssbåtteneste på Hjørundfjorden. 

Tildelingskriteria i konkurransen var «pris» som talde 70 %, og «miljø» som talde 30 %.  I mai vart kontrakten tildelt Hjørundfjord Fjordservice AS.

Christian Gaard Bygdetun AS klaga på tildelinga. Klagar sin sentrale påstand var at kommunen ikkje hadde stilt krav om dokumentasjon knytt til tildelingskriteriet «miljø» (drivstofforbruk). Klagar meinte at manglande krav om dokumentasjon førte til at anbodskonkurransen vart ein priskonkurranse, og at dette har påverka både konkurransen sitt utfall og deltakarinteressa. Etter Christian Gaard sitt syn hadde kommunen difor plikt til å avlyse konkurransen. 

I vurderinga av klagen erkjente Ørsta kommune at det ikkje var stilt tilstrekkeleg krav til dokumentasjon i høve tildelingskriteriet «miljø». Kommunen meinte likevel at det ikkje var bevist eller sannsynliggjort at det manglande dokumentasjonskravet hadde hatt avgjerande innverknad på utfallet av konkurransen og deltakinga i denne. Dette fordi Hjørundfjord Fjordservice sitt tilbod hadde ein vesentleg lågare pris enn andre tilbod, noko som medførte at dei ville ha vunne konkurransen sjølv om dei eventuelt hadde scora 0 poeng på tildelingskriteriet «miljø».

Ørsta kommune tok difor ikkje klagen til følgje. Christian Gaard klaga saka inn for klagenemnda for offentlege anskaffingar (KOFA).

KOFA har no handsama saka. Nemnda har vurdert at feilen knytt til dokumentasjon av miljøkriteriet ikkje var avgjerande for deltakinga i konkurransen, og at kommunen difor ikkje hadde avlysingsplikt. Konklusjonen er at Ørsta kommune ikkje har brote regelverket om offentlege anskaffingar ved å ikkje avlyse konkurransen.

I ein kommentar seier assisterande kommunedirektør at kommunen er nøgd med å ha fått medhald i saka, og med at KOFA si avgjerd er tydeleg.  

Når karenstida er over tek kommunen sikte på å inngå kontrakt med Hjørundfjord Fjordservice AS.

Kontrakten omfattar kommunen sitt behov for skyssbåtteneste, fylkeskommunen sitt behov for skuleskyss og på nærare vilkår fastbuande sitt behov for skyss i høve fritidsaktivitetar, når ferjerutene ikkje dekkjer behovet. Kontrakten omfattar ikkje kommersiell skyssbåtteneste.

Vilde Moltudal Igland

Følg oss