Stengingar og vaslar

Kokepåbod: Åmbakk til Bondalseidet. Les meir.

Hagestova vart opna

F.v: Stine Vatne Riise, Kjersti Årøen, Anne Grethe Juliebø, Inger Liadal, Sylvi Romestrand, Eldbjørg Tvergrov og ordførar Stein Aam

Inger Liadal, seksjonsleiar for omsorg og rehabilitering inviterte onsdag 1.februar til opning av Hagestova. Ordføraren stod for den offisielle opninga av dei nye inreidde lokala til dagsenteret for demensomsorg ved Ørstaheimen. Rådmann og levekårsutvalet var invitert i lag med representantar frå eldrerådet og råd for likestilling av funksjonshemma.

Senteret har 15 plassar og er finansiert i samarbeid mellom kommunale middel og statlege tilskot.  

Følg oss