Arbeid i gang: Gangveg og utvida parkeringsplass

Arbeidet med ny og opplyst gangveg frå Ørstahallen til Velle skule er no i gong.

Det vert også etablert ny utvida parkeringsplass og droppsone mellom Ørsta v.g. skule og fleirbrukshallen. Dei nye parkeringsplassane skal erstatte dei plassane som vert fjerna av droppsona. 

Full fart på anleggsarbeidet mens det er godt vêr, med mål om asfalt før vinteren kjem.

I anleggsperioden må gåande og syklande losast rundt og får litt lengre veg, men dette skal bli bra!

 

Ørsta kommune Situasjonsplan.

Følg oss