Søkjer trygge vaksne som kan vere der for barn og unge

Helse, tildeling og koordinering søkjer fleire avlastingsheimar for barn. 

Avlastingsheim er eit kommunalt hjelpetiltak for familiar som har særleg tyngande omsorg for familiemedlemmer som har en psykisk eller fysisk funksjonsnedsetjing. Som avlastingsheim kan du bidra med gode opplevingar, utvikling og ein ressurs i eit anna menneske sitt liv. Avlastinga foregår i avlastar sin eigen heim.

Det er ønskeleg med oppdrag kvar 4. helg, fredag til søndag.

Kan du tenke deg eit slik oppdrag? Ta kontakt med Skjalg Lidarende eller tildelingskontoret for nærmare informasjon og samtale om kva dette inneberer.

 

Stock bilde av ein familie som står på stranden og held rundt kvarandre. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto. Unsplash / Patricia Prudente

Kontakt

Skjalg Lidarende sakshandsamar
90566150
@ Skjalg Lidarende

Følg oss