Restane frå det gamle fonnvernet på Nivane vart i dag floge ned med helikopter.

På 60-talet vart det sett opp vindskjermar på toppen av Nivane som skulle førebyggje snøras. Etter ei tid tok vind og ver knekken på konstruksjonen og restane har i fleire år lege spreidd ut over eit større område.

Etter tips frå turgåar Ola Lingås sommaren 2020 starta arbeidet med å samle saman delane av det gamle fonnvernet og klargjere desse for transport ned frå fjellet. Transporten vart utført i dag ved hjelp av helikopter. Samla var det om lag 1000 kg med metalldelar som vart frakta ned og midlertidig lagt på kanalvegen mellom Vikegeila og Vinjevoll. Kommunen vil køyre dette vidare til godkjent deponi ved hjelp av eigne køyretøy. 

Kommunen ønskjer å takke Ola Lingås for tipset som medførte at prosjektet med fjerning av metallet frå fjellområdet vart starta. Ein ønskjer også å takke uteseksjonen ved eining for kommunalteknikk med Merete Flø i spissen som har vore mange turar på Nivane-platået, også på fritida, for å samle saman alle metalldelane og klargjere desse for helikoptertransport. Takk også til velvilje frå grunneigar Kjell Martin Hovden Standal i samband med plass for midlertidig lagring av metalldelane under helikoptertransporten.

  
 

Følg oss