Lokal forskrift om utvida bandtvang på hund

Etter hundelova er det bandtvang på hund i perioden 1. april til og med 20. august.  Ørsta kommune har lokal forskrift med utvida bandtvang i perioda 21. august t.o.m. 31. oktober, gjeldande på inn- og utmark i heile kommunen.
 

Kommunestyret vedtok 29.06.2021 lokal forskrift om utvida bandtvang i perioden 21. august t.o.m. 31. oktober, gjeldande på inn- og utmark i heile kommunen, etter § 6 pkt. e i hundelova.

Kommunen ber om at hundeigarar respektera bandtvangen.

Lov om hundehold

Følg oss