Ørstaskulen inntek 4. plass på Kommunebarometeret!

Siste åra har grunnskulen i Ørsta kommune klatra jamt og trutt på Kommunebarometeret, og i år klatrar vi til 4. plass!

Viktige nøkkeltal for plasseringa er avgangskarakterar for 10. trinn, nasjonale prøver og utdanningsnivået til lærarane.

I Ørsta kommune oppfyller 96 % av lærarane i barneskulen kravet om undervisningskompetanse i norsk, matematikk eller engelsk. I ungdomsskulen oppfyller 89 % av lærarane dette kravet. Med det er vi blant dei 5 % beste i landet. Med lærarutdanning i Volda, har kommunen god moglegheit til å rekruttere kvalifiserte lærarar. Og i mange år har eit grunnleggande krav for tilsetting i Ørstaskulen vore at lærarane må ha minimum 30 studiepoeng for eitt av faga norsk, matematikk eller engelsk i barneskulen, og tilsvarande 60 studiepoeng for ungdomsskulen. Dette gjer at vi sidan 2017 har vore i landstoppen når det gjeld kvalifiserte lærarar.

Elevundersøkinga måler mellom anna trivsel for elevane. På 7. trinn er nøkkeltalet vårt 87 for snittet dei siste fem åra, ein liten nedgang frå året før, men likevel over landssnittet. På 10. trinn har talet vore stabilt på 87 siste tre åra, her ligg landssnittet i år på 81.

I Ørsta kommune har tal elevar med spesialundervisning gått ned siste åra. På Kommunebarometeret er nøkkeltalet 2,75 elevar for elevar på 1.-4. trinn, medan landssnittet ligg på 6,17. For 5.-7. trinn er talet 6, 74 og landssnittet er på 10,57. Ofte aukar talet på elevar med spesialundervisning etter som elevane vert eldre. I Ørstaskulen er talet for ungdomstrinna 6,23 mot eit landssnitt på 11, 12. For å halde nede talet elevar som får spesialundervisning er det viktig med tilrettelagt undervisning og eit trygt og godt læringsmiljø for elevane. Med svært knappe rammer til drift, har det vore viktig at skulane får behalde ressursar til tilrettelegging og tilpassa undervisning, sjølv om talet på elevar som får spesialundervisning går ned.

Ørsta kommune oppnår mykje for kronene i grunnskuledrifta. Vi har i 2021 auka til 14 952 kroner i utgifter per innbyggar, men landssnittet har auka meir og brukte 17 055 kroner per innbyggar. Dette fortel at det vert gjort ein formidabel innsats i skulane våre kvar dag, og at vi oppnår mykje med knappe ressursar. Den gode plasseringa i Kommunebarometeret må vi spesielt takke skuleleiarane og dei tilsette for. Elevane og dei føresette skal også ha sin del av æra.

Følg oss