Unsplash
Følgande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg:
- Alle frå fylte 65 år
- Bebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustader
Barn og vaksne med:
- Kronisk lungesjukdom
- Kronisk hjarte- og karsjukdom
- Kronisk leversvikt
- Kronisk nyresvikt
- Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
- Nedsett immunforsvar
- Diabetes mellitus, type 1 og 2
- Svært alvorleg fedme (BMI over 40)
- Annan alvorleg eller kronisk sjukdom
- Gravide frå 12. svangerskapsveke
I tillegg til risikogruppene blir det også tilrådd influensavaksine til:
- Helsepersonell som har pasientkontakt. Desse vert spesielt oppmoda om å vaksinere seg primært for å verne andre (indirekte vern) som pasientar og kollegaer og sekundært for eigen del
- Personar som bur saman med personar nedsett immunforsvar
- Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar
Tid og stad
Ingen datoar. Influensavaksinasjonen er over.
Du kan også kontakte nabokommunar dersom du ønskjer influensavaksine utanom dei dagane vi vaksinerer i Ørsta.
Bestille på helsenorge
Du kan også bestille vaksinasjon på helsenorge.no. Der ligg kun ett val som er Covid-vaksinering, men det gjeld for begge typer vaksiner – alt etter ynskje.
NB! Vaksinasjonen er ikkje gratis i år, det kostar 200 kroner. Det kan betalast med kort, vipps og kontantar, ved kontant betaling ber vi om att ein har eksakt beløp.
Velkomen til årets influensavaksinering.