Oppdatering 15. oktober: Oppheva kokepåbod frå Høgebrua til Bondalseidet

vatn - Klikk for stort bilete

Etter to etterfølgjande prøver utan funn av uønska bakteriar, vel Ørsta kommune å oppheve påbod om koking av drikkevatn for abonnentar til kommunal vassforsyning på strekninga frå og med Høgebrua, og til og med Bondalseidet.  

Det er sendt ut SMS-varsel til abonnentar i området der ein har oppheva kokepåbod.

 

Tidlegare melding 11. oktober 2023:

Framleis kokepåbod frå Høgebrua  til Bondalseidet. Kommunen tek prøver og ser resultat etter kloring, men vatnet må framleis kokast. Det kjem oppdatering her på heimesida og via SMS til dei som er råka når påbodet vert oppheva.
 

Tidlegare melding 4. oktober 2023: 

Utviding av området for kokepåbud til å gjelde frå Høgebrua, Åmås, Åmdal, fram til og med Bondalseidet.

Vi har fått melding om funn av bakteriar på kommunalt leidningsnett i område frå og med Høgebru, Åmås, Åmdal, og fram til og med Bondalseidet. Vi oppmodar alle som er tilknytt kommunal vassforsyning i dette området om å koke alt vatn som skal nyttast til drikke og matlaging. Kommunen har sett i verk kloring av leidningsnettet for å fjerne bakteriar. Kloring er ufarleg, men kan gi noko lukt og smak på vatnet. Det vert gitt varsel når vatnet er trygt å nytte utan koking.

Tidlegare melding frå 29. september 2023:
Etter melding om funn av bakteriar i drikkevatnet, må alle abonnentar til kommunal vassforsyning på strekninga frå og med Slyngen vegkryss og til og med Bondalseidet koke alt vatn til drikke og matlaging.

Kommunen vil halde fram med prøvetaking i området og leite etter årsak til problemet.

Abonnementar det gjeld har fått SMS-varsel, og det vil verte sendt ut ny varsel så snart vatnet er trygt å nytte utan koking.

(Slyngen vegkryss er der du kan svinge ned til Vatne/Hunnes frå fv 644 (Ikkje ved Nakkestranda ved Vatnevatnet).) 

Følg oss