Vartdal skule klar til skulestart

Vartdal skule 3.jpg

Skulen er no klar til innflytting. Elevane og alle tilsette her på Vartdal skule er også veldig klare. Dette har vi gledd oss til.

Det er med stoltheit vi opnar dørene til ein flunkande ny skule for Vartdalsstranda. Den er moderne og fantastisk flott både utanfrå og inni.

Med 3 klasserom til ungdomssteget, naturfagrom, formingsrom, musikkavdeling og gode arbeidsrom for lærarane blir her lærerikt og godt å opphalde seg for både barn og vaksne. Nye lokale for leiinga og eit nytt personalrom er også på plass.

Vi må bruke litt tid på å kome i orden, men utpå hausten kan ein vente ei markering med opning av skulen. Då vil det bli ”open dag”, så det går an å kome innom å sjå. Skulestart i år vil bli verte starten på ei ny tid her på Vartdal skule. Vona er att heretter vil talet på elevar berre auke i åra framover. Ein god plass å lære og ein god plass å være!

Gratulerer til Vartdalsstranda og Ørsta kommune som no har ein ny skule.

Vartdal skule 2.jpg

 

 

 

Følg oss