Utdeling av næringspris og kulturpris

Torsdag 14. desember vart næringsprisen og kulturprisen for Ørsta kommune 2023 delt ut i kommunestyremøtet.

I år gjekk næringsprisen til Fora Form AS, medan kulturprisen gjekk til Magne Ivar Sætre. Begge prisane er eit diplom og ei pengegåve på 20.000 kroner. Før utdelinga heldt kulturskulen eit flott musikkinnslag.
 

Næringsprisen 2023 tildelt Fora Form AS 

Fora Form AS er ei bedrift med lang historie i Ørsta, i ein bransje med lange og rotfesta tradisjonar på Sunnmøre. 

Fora Form er med sine om lag 40 tilsette framleis ein hjørnestein i industribygda Ørsta. I 2019 fylde bedrifta 90 år. I desse åra har dei gjennomlevd store omveltingar og utfordringar innan møbelindustrien.

Fora Form har halde fast på ein strategi med satsing på møblar til offentlege rom og bedriftsmarknaden – og med ei kompromisslaus satsing på god design, innovasjon og kvalitet. I denne marknaden har Fora Form vorte ei føregangsbedrift.

Det er ei sterk merkevare innan interiør og utsmykking av alt frå forsamlingslokale og møterom til flyplassar. Fora Form er den verksemda som har hausta flest designprisar i Noreg, uansett bransje. Produkta frå denne Ørsta-bedrifta er å finne nesten over alt i landet og er sterkt representert i utlandet også. Til dømes er mykje av møblane på Gardermoen frå nettopp Fora Form. 

Ei av styrkane til bedrifta er ein stabil og kompetent arbeidsstokk. Stabiliteten er ikkje berre ein fordel for bedrifta, det er også eit teikn på at Fora Form har lykkast med å skape eit godt arbeidsmiljø.  

Difor er det vel fortent, og på høg tid, at Fora Form får Ørsta kommune sin næringspris.

Michele Tharaldsen Hoggen mottok prisen til Fora Form. Ørsta kommune

 

Kulturprisen 2023 tildelt Magne Ivar Sætre 

I vedtektene for kulturprisen for Ørsta kommune heiter det mellom anna: «Kulturprisen kan gjevast til einskildpersonar […] som høyrer heime i kommunen, og som har vist vedvarande evne og vilje til å yte kulturinnsats ut over det vanlege.»

I ei årrekkje har Magne Ivar, gjennom sitt frivillige arbeid, sikra verdfull lokal kulturhistorie som kjem Vartdalsstranda og Ørsta til gode. Magne Ivar er soleis ein viktig kulturberar.

  • Han har vore med i redaksjonen for «Minne frå Vartdalsstranda», årsskriftet for Vartdalsstranda sogelag, frå starten i 1997 og som hovudredaktør sidan 2004. 
  • Han har også arbeidd med bildesamling på fiskerimuseet på Vartdal og skrive meir enn 150 artiklar om livet til vartdalingar, på sjø og land på heimesida til VD museet. 
  • Han har gjort mykje av arbeidet med innsamling av 700 stadnamn på Vartdal. 
  • Han har stått for dei fleste bygdevandringar på Nordre Vartdal der nær og fjern historie har vore presentert. 
  • Han er ein viktig bidragsytar til Wikipedia på nynorsk.

Magne Ivar er ein iherdig kulturarbeidar. Takk for innsatsen, og gratulerer med kulturprisen 2023.

Ørsta kommune

Vi gratulerer!

Følg oss