Takk for ei fin opningshelg!

Ørsta kommune vil takke alle som bidrog og deltok under ei verdig opning av nye Ørstahallen. Det vart ei fantastisk helg, mykje takka vere alle som tok turen innom. 

Alt på plass frå 11. februar

Ørstahallen vert eit løft for heile kommunen og vi gler oss til at den vert fylt med aktivitetar frå morgon til kveld. Både store og små trippar etter å få ta hallen i bruk, og vi gler oss i lag med dykk. Opninga vart ei veldig fin generalprøve, og etter nokre dagar med dei siste finjusteringane, innflytting og innkjøring, er vi klare for å opne dørene for fullt frå 11. februar. 

Ein epoke er over

Alle handballkampane vert frå no avvikla i nye Ørstahallen, medan treningar og gymnastikkundervisninga held fram i gamle Ørstahallen til fredag 8. februar. Då stengjer den gamle hallen og ein epoke er over.

Ørstahallen er flottast når den er fylt med aktivitetar og folk. Vi i Ørsta kommune gler oss til full drift og takkar for tolmodet. 
 

Kontakt

Rebecca Riise Bjerknes Leiar Ørstahallen og Frivilligsentralen
91313572
@ Rebecca Riise Bjerknes

Følg oss