Stor snøskredfare og mykje nedbør

Varsom.no

NVE varslar om  STOR snøskredfare på Sunnmøre «Faregrad 4» no på laurdag (16. desember).

Temperaturstigning og regn gjer at naturlege skred er venta å gå på vedvarande svake lag i snødekket. Unngå skredterreng.

Det er forventa mange naturleg utløyste våte skred laurdag. Mykje regn høgt til fjells vil svekke snødekket. Faren for våte laussnøskred er størst der det kjem regn på ubunden snø, dette gjeld i hovudsak under ca. 700 moh. Skred er forventa å bli middels store.

Følg med på varsom.no/snoskred/varsling for oppdateringar.

Vêrmeldingane syner opp til 38mm nedbør i helga, noko som kan føre til mykje overflatevatn på grunn av tele i bakken.

Ørsta kommune arbeidar med å kartlegge eventuelle utfordringar som kan oppstå. Teknisk vakt førebur mannskapet, og tida framover blir bruk til å sjekke over slukar og rister, og eventuell tining av desse. 

Sjekk gjerne at slukar og rister nært der du bur er frie for is og snø. Ver spesielt merksam på at elvar og mindre bekkar brått kan frakte større mengder med sørpe, vatn og is.

Trafikkmeldingar
Skal du ut å reise sjekk vêr- og føreforhold og følg med på trafikken på vegvesen.no/trafikk
Driftsmeldingar for ferjesamband norled.no/Startside/Driftsmeldinger og fjord1.no/Trafikkmeldingar

Følg oss