Stødig vekst i innbyggartalet

Det siste året har folketalet i kommunen auka med 0,7%. Ordførar Stein Aam ser på utviklinga av innbyggjartalet som svært positiv, og meiner at auken kan sjåast i samanheng med kommunen si vedvarande satsing på samfunnsutvikling.

- Det var utruleg kjekt å sjå at fleire og fleire flyttar seg til Ørsta. Det er bulyst i kommunen. Ikkje berre i sentrum, men også på bygdene. Vi har eit rikt næringsliv som opplev vekst og det er auke i innbyggartalet. Det har vore lagt ned mykje godt arbeid over tid, som vi er i ferd med å sjå resultata av, seier ordføraren.


Før året er omme kan Ørsta ta i bruk både ny trafikkterminal og fleirbrukshall. Ei rekke andre prosjekt er også i gang. Siste glamelding er at vi er i full gang med arbeidet om å få på plass ny VGS innan juni 2022.
 

Ørsta har framleis flest innbyggarar

Ørsta held landsnittet på 0,7% auke dei siste 12 månadane, medan Møre og Romsdal hadde totalt 0,3% auke. Ein auke på 0,7%, tilsvarar 77 fleire innbyggarar i Ørsta kommune. Berre det siste kvartalet opplevde vi ei auke i folketalet på 0,3%, eller 34 personar.

 

 

 

 

 

 

Endring siste 12 mnd

Siste 6 mnd

Siste 3 mnd

 

2017K2

2017K4

2018K1

2018K2

Pers

%

Pers

%

Pers

%

Vanylven

3 209

3 187

3 182

3 170

-39

-1,2

-17

-0,5

-12

-0,4

Sande

2 559

2 522

2 508

2 510

-49

-1,9

-12

-0,5

2

0,1

Herøy

8 977

8 965

8 952

8 958

-19

-0,2

-7

-0,1

6

0,1

Ulstein

8 496

8 555

8 605

8 574

78

0,9

19

0,2

-31

-0,4

Hareid

5 165

5 150

5 157

5 161

-4

-0,1

11

0,2

4

0,1

Volda

9 072

9 188

9 190

9 156

84

0,9

-32

-0,3

-34

-0,4

Ørsta

10 783

10 812

10 826

10 860

77

0,7

48

0,4

34

0,3

Utdrag tabell SSB, 7-stjerna Søre Sunnmøre.

 

Ørsta kommune – ein god plass å bu

Ørsta skal vere ein god plass å busette seg. Her spelar tettstadsprosjektet ei viktig rolle for det langsiktige arbeidet. 

Ein tydeleg og konsentrert bygdeby, som legg til rette for trivsel, møteplassar, aktivitet, handel og kulturliv, er med og skaper eit lokalsamfunn der folk vil bu. Nokre av hovudgrepa i reguleringsplanen for sentrum er fortetting, korte avstandar, gode byrom for alle, betre samanbinding mellom sentrumsdelane og nærleik til bustadområda og naturen. Med denne planen har vi god tru på at Ørsta vil halde fram med å vekse. Vi ser også positive teikn for bygdene, til dømes Sæbø og Hjørundfjorden. Reiselivsatsinga er også med og skaper jobbar og bulyst i heile kommunen vår. Og langs Vartdalsstranda vert det satsa sterkt på havrommet, fisk og industri.

Attraktive private og offentlege arbeidsplassar er ein føresetnad for vidare vekst i folketalet. Hittil i 2018 har det vore utlyst 62 kommunale stillingar (dette inkluderar ikkje internutlysingar). Det vert i tillegg jobba systematisk med heiltidskultur i kommunen, der heile stillingar skal vere det normale.

 

Følg oss