Roar Rønning får Kulturprisen 2018

Roar Rønning - Klikk for stort bileteRoar Rønning Møre Nytt

Ørsta kommune sin kulturpris for 2018 vert tildelt 
Roar Rønning.

 

Kort grunngjeving:

Roar Rønning har gjennom fleire tiår vore ein særs aktiv kulturutøvar. Stikkorda er m.a. lokalhistorisk arbeid, korpsarbeid, målrørsla og det frilynde ungdomslagsarbeidet.
Roar Rønning har på dei fleste områda ytt engasjert og samvitsfull innsats som summert gjer han meir enn godt kvalifisert til kulturprisen:

  • Redaktør for skriftserien «Mi gamle grend» for Hovdebygda soge- og velferdslag i 22 år
  • Redaktør for bladet «Jul på Sunnmøre»; i år for 32. gong
  • Sidan 1976 (til 2009) vore styremedlem og prosjektmedarbeidar i Ørsta Mållag
  • Sidan 1958 (og framleis) vore musikant, instruktør og tillitsvald i lokalt korpsarbeid.

Kulturprisen (20.000 kroner + diplom) vert utdelt i kommunestyremøtet torsdag 13. desember. Då vil det også følgje med ei særskild grunngjeving for tildelinga.

Fann du det du lette etter?