Raudt farevarsel. Ventar ekstremt kraftige vindkast

Ekstremvêret Ingunn er varsla frå onsdag ettermiddag. Det er venta orkan i tillegg til ekstremt sterke vindkast.

– Ikkje trygt å vere ute, seier meteorologane. 

Meteorologisk institutt varslar om ekstremt kraftige vindkast på raudt nivå for ytre strøk av Møre og Romsdal, indre strøk av fylket har varsel på svært kraftige vindkast (oransje nivå). Frå onsdag ettermiddag til torsdag morgon ventast orkan på kysten. 

Les meir om varselet her: Ekstremværet “Ingunn” gir ekstremt kraftige vindkast i deler av Møre og Romsdal, Trøndelag og Helgeland (met.no)

Ekstremveret Ingunn. Meteorologisk institutt

Råd

  • hald deg inne
  • følg råd frå beredskapsmynde
  • om du MÅ køyre, følg råd frå Statens vegvesen og sjekk vegmeldingar (www.175.no)
  • følg råd og sjekk status frå transportaktørar
  • gjer heimen klar for eit potensielt lengre straumbrot
  • ver forsiktig om du ferdast i strandsona eller på sjøen
  • vurder tiltak for å avgrense skade

Konsekvensar

  • det er farleg å vere ute, og det er venta uvanleg stor skade på bygningar, infrastruktur, skog og straumnett
  • stor fare for innstilte flyavgangar, båtar og anna transport
  • bruer kan verte stengde
  • takstein og takplater kan blåse av hus og bygningar
  • du må vente svært mykje lenger reisetid
  • straumforsyninga lokalt kan verte påverka
  • mange vegar kan verte stengde på grunn av tre eller andre objekt i vegbana
  • snøfokk i fjellet gir redusert sikt
  • du kan vente kolonnekøyring og/eller stengde vegar
  • høge bølger kan gi skade på infrastruktur og bygningar i strandsona


 

Følg oss