Pressemelding: Tiltak og råd knytt til varsel om ekstremt sterke vindkast på Nordvestlandet onsdag 31. januar.

Kriseleiinga i Ørsta kommune møttest tysdag kveld på bakgrunn av meldingane frå meteorologisk institutt om mykje nedbør og ekstremt sterke vindkast onsdag ettermiddag.     

Kriseleiinga har valt å stenge Vartdal skule og Vartdal barnehage onsdag. 
Skulen vil ha digital heimeundervisning. 
Det er meldt vind med orkan i kasta på Vartdalstranda på ettermiddag og kveld. Under slike vertilhøve vil det vere farleg å opphalde seg utandørs.  Også bruk av bil er risikabelt og bør avgrensast til eit minimum. 
Det vert etablert naudvatn på Vartdal brannstasjon, dersom det vert straumbrot som påverkar vassforsyninga på Vartdalstranda. 

Elles i kommunen: 
Kriseleiinga oppmodar innbyggarane om å halde seg mest mogleg i ro. 
Dei som har høve til å jobbe heimanfrå bør vurdere det. 
Vindkasta vil vere på det sterkaste på sein ettermiddag/kveld. Vi oppmodar difor om at utandørs aktivitetar vert avlyst. 
Kulturskulen vil halde stengt onsdag. 

Vi oppmodar også innbyggarane om å sikre hus og heim.  Ta inn eller sikre lause gjenstandar. 
Eventuelle naudsynte innkjøp bør gjerast tidleg på dag. 

Informasjonsside om beredskap

Tekniske tenester har kalla inn ekstra mannskap og førebur seg på moglege situasjonar som kan oppstå. 

Heimetenesta har budd seg på veret, men det må kunne forventast at ting tek noko lengre tid enn vanlig. Nokre mindre naudsynte oppdrag vil måtte utgå. Det vil da bli gitt beskjed om dette.

Følg oss