Pressemelding frå ordføraren

Ordførar Stein Aam - Klikk for stort bilete Marta Lystad Johansen

Ei stor takk, og lita påminning!

Mange har opplevd dette sjølve, eller nokon i nær familie, å få diagnosen kreft. Denne gongen var det min tur. I oktober fekk eg påvist ondarta svulst i blærehalskjærtelen. Uventa, ja, men også ganske vanlig når ein ser til Kreftforeininga sine statistikkar. Likevel har eg vore ein av dei heldige, eg skal bli frisk og ser fram til å kome tilbake i arbeid. Ut dette året vil eg jobbe om lag 20%.

Mitt fyrste verkelege møte med helsevesenet er eg og takksam for. Med trygge og kompetente hender har det leia meg gjennom operasjon og påbegynt rekonvalesens. Ei stor takk rettast til alle som arbeider i helse og omsorg!

Til slutt ei lita påminning i høve november månad. Ofte er det ikkje noko varsel eller symptom på sjukdom, regelmessig helsesjekk er derfor viktig. Her må dørstokkmila vere kort.

Ynskjer alle ei god førjulstid,
helsing Stein!

Følg oss