No blir det vårteljing av hjort

Hjort som gjemmer seg o graset, ser mot kamera. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto. Unsplash

Det vert vårteljing av hjort natt til laurdag 20. april og natt til laurdag 4. mai.

Teljingane går føre seg frå midnatt og fram mot kl. 06.00 i kommunane Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Volda, Ørsta, Sykkylven og Stranda.  Teljingane vert organisert lokalt i kvar kommune.

Kraftig lys
Teljingane vert utført med systematisk søk over all dyrkamark. Under teljinga vert det bruka kraftig lys (og termiske kikkertar), så det er viktig for folk å vere merksame på lysbruken dei aktuelle nettene.

Resultatet av teljingane er med på å gi eit godt faktagrunnlag for korleis ein skal forvalte hjortestamma på Sunnmøre.

Samla resultat av teljingane vert publisert på kommunane si heimeside.

Følg oss