Ledig stilling: leiar NAV Ørsta - Volda

Ørsta kommune, Volda kommune og NAV Møre og Romsdal søkjer i fellesskap etter felles leiar til NAV Ørsta/Volda.

Eininga har 33 kommunalt og statlig tilsette og yter tenester til innbyggjarane i begge kommunene. Eininga er lokalisert i nye og moderne lokale i Ørsta. Leiaren må kunne representere eininga på ein tydeleg og god måte, og i tillegg vere ein pådrivar for å realisere NAV sitt mål om fleire i arbeid.

Å være leiar i NAV innebærer at du må setje arbeids-og velferdspolitikken ut i livet ved å skape resultat gjennom andre. Dette betyr at du må ha god forståing av lover og rammer i statlig forvaltning slik at dine tilsette gjennom di leiing omset politiske føringar til riktige tenester og ytingar for brukarane samtidig som dei ivaretek det statlege arbeidsgivaransvaret. Du skal som leiar i Arbeids-og velferdsetaten utøve god personalleiing. Arbeids-og velferdsetaten skal drive kunnskapsbasert leiing som ser, involverer, viser tillit og omsorg, delegerer og legg til rette for at medarbeidarane utvikler seg.

Søknadsfrist: 29.11.2020

Arbeidsgivar: NAV

Stillingstittel: Leiar NAV Ørsta - Volda

Webcruiter-ID: 4309937251
Heiltid
Fast

Kontaktinformasjon
Stein Atle Veland
Direktør NAV Møre og Romsdal
Mobil: 93033656

 

Søk på stillinga

Arbeidsoppgåver

  • Faglig og administrativt ansvar ved eininga
  • Personal-, budsjett- og resultatansvar for oppgåvene som er lagt til NAV Ørsta-Volda
  • Syte for nært samarbeid og gode relasjonar med ulike aktørar som for eksempel helsetenester, næringsliv,
  • skule og lokalsamfunn
  • Kompetanseutvikling i eininga i samarbeid med NAV Møre og Romsdal og fylkesmannen i Møre og
    Romsdal
  • Ivareta oppgåver for Arbeids- og velferdsetaten og kommunene sine oppgåver etter lov om Sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga
  • Arbeids- og velferdsetaten og kommunane kan avtale at andre av kommunens tenester skal inngå i eininga
  • Rapportere til fylkesdirektøren i NAV Møre og Romsdal og kommunedirektøren i Ørsta (vertskommunen for NAV tenestene i dei to kommunene)

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-årig relevant utdanning på bachelor nivå. Relevante fagretningar er t.d. sosialfagleg, leiar og organisasjonsfag, offentleg administrasjon
  • Leiarerfaring frå NAV eller anna offentleg verksemnd
  • Erfaring med omstillingsarbeid og organisasjonsutvikling
  • God kunnskap om offentleg verksemd
  • God kunnskap om NAV sitt samfunnsoppdrag
  • Førerkort klasse B

Personlige eigenskapar

  • Du har evne til å motivere dine tilsette gjennom å skape eigarskap og engasjement
  • Du har evne til å ta sjølvstendig initiativ med fokus på oppdrag og oppgåveløysing
  • Du er tydeleg og strukturert
  • Du er nysgjerrig og undrande
  • Du er inkluderande og har fokus på å jobbe systematisk for eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette
  • Du er empatisk og har gode kommunikasjonsferdigheiter
  • Du har evne til å skape tillit i ein organisasjon

Vi tilbyr

  • Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
  • Aktive og engasjerte kollegaer
  • Lønnsspenn kr. 682.000 - 768.500
  • Tilsetjing på statlige vilkår
  • God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå løna blir det trekt 2 %)

 

Følg oss