Gode diskusjonar på budsjettmøte

Ørsta kommune

Det var eit godt møte mellom politikk og administrasjon om budsjettet tysdags kveld, 5. desember. 

Innkomne spørsmål vart svara ut og det var gode diskusjonar knytt til prioriteringar og konsekvensar. Høg lånegjeld og nye vedtekne investeringar påverkar drifta, samtidig som gode tenester til innbyggjarane skal oppretthaldast. 

Det er ei felles forståing om at det ikkje er plass til nye tiltak og at ønskte investeringar må utsettast. 
 

Sjå presentasjonen frå møtet (PDF, 2 MB)
 

Innkomne spørsmål med svar 

Under kan du lese dei spørsmåla som administrasjonen hadde fått tilsendt før møtet. Trykk på “blå pil” til høgre i den grå boksen for å lese svara.

Såvidt eg kan sjå er det kun beskreve samla kostnader for dei ulike tenesteområda. For meg vil det være interessant å bryte dette ned på kontonivå og gjerne ei oversikt over kva tilsette som ligg til grunn for tala. Er dette noko de har liggande? 

Detaljbudsjettet vert utarbeidd i etterkant av budsjettvedtaket, vanlegvis i løpet av januar. Dette vert ikkje delt med politikarar eller andre sidan politikarane berre skal vedta og styre budsjettet på rammenivå, ikkje på detaljnivå. Det er innanfor kommunedirektøren sitt ansvarsområde å fordele ramma best mogleg innanfor eit kommunalområde og då vil flytting mellom kontoar kunne skje for å nytte ramma mest mogleg effektivt og der det er behov. Det same gjeld kva tilsette som ligg til grunn for tala.

Kva folketalsauke legg de til grunn for budsjettplanen mot 2027?

Det er rekna med eit innbyggartal pr. 1. januar på 11 048 kvart år i økonomiplanperioden. Forklaringa på kvifor dette ikkje vert endra er den same som kvifor vi ikkje justerer for inflasjon som du finn under avsnittet Kapitalutgifter og inflasjon under overskrifta Hovudtala i budsjettforslaget.

Innbyggartilskotet og utgiftsutjamninga nyttar innbyggartalet pr. 1. juli året før budsjettåret som grunnlag for tildeling. Inntektsutjamninga tek utgangspunkt i skatteinntekter pr. innbyggar og det er innbyggartalet pr. 1. januar i budsjettåret som vert nytta i utrekningane.

Dette betyr t.d. at ei endring i innbyggartalet i 2. halvår 2023 vil påverke inntektsutjamninga i 2024, medan den ikkje vil påverke innbyggartilskotet og utgiftsutjamninga før i 2025.

Til slutt er det kommunen sitt innbyggartal relativt til landet som gir utslag i inntektssystemet.

Folketalet pr. 1. januar 2023 var på 10 929 og pr. 1. juli 2023 var det på 10 972.

I investeringskartet finn eg kommentarar som kan framstå som eldre. Kan dette stemme? Til dømes når det gjeld sambindingsveg Mosflata står der følgjande: "Førebels ikkje prioritert i planstrategien. Har ikkje avklara kostnadsramme. Planlegging, innløysing grunn og bygging i løpet av 2019-2022. Deler av prosjektet er fylkesveg og om kommunen regulerer er det for å legge til rette for fylkeskommunal prioritering eller 50/50-prosjekt. Resten av strekninga er pr. no tenkt å vere kommunal veg. Behov for opp mot 10 dekar til innløysing av veg, fortau/gangveg."

Dette er den opphavlege teksta frå 23.04.2018 då dette investeringsprosjektet vart laga med planlagt bygging i 2019-2022. Sidan har prosjektet vorte utsett fleire gongar utan at teksten har vorte oppdatert. Investeringsplanen viser at denne no er planlagt bygt i 2027-2029. Vi kan ikkje endre innhaldet i ei investering utan politisk vedtak, men meiner det bør vere uproblematisk å oppdatere t.d. årstal og framdriftsplan. Eg vil difor melde det tilbake til prosjektleiarane som har ansvaret for dette og be om oppdatering av innhaldet ved den årlege revideringa av investeringsplanen. I tertialrapportane og årsrapporten vert det lagt inn kommentar om oppdatert status på alle pågåande investeringsprosjekt.

Det er lagt inn investeringskostnader til ny gangbru frå Ose til Velle med oppstart i 2025. Kan ikkje finne noko politisk beslutning tilknytta denne saka. Er du kjent med at det er gjort vedtak? Fleire snakkar om å legge heile sambindingsvegen ned dit, så her gjeld det å slå to fluer i en smekk om ein kan. Det vil være uheldig om det kjem gangbru i 2025 og kanskje bilveg i 2027 ved sidan av.

Bakgrunnen for dette er at ein ynskjer å skilje fotgjengarar og trafikk. Kommunen ynskjer ikkje å vente til ny veg kanskje kjem om nokre år, difor er det foreslått eit eige kommunalt prosjekt på dette.

I sak 53/23 Investeringsplan 2024 – 2033 vedtok kommunestyret den 15.06.2023 følgjande: «Ørsta kommunestyre vedtek framlegget til investeringsplan for 2024-2033 slik den ligg føre i vedlegget “Forslag til ny inv.plan 2024-2033”.» I det aktuelle vedlegget finn du prosjektet på side 3 i tabellen Ymse under prioritet 4.

Sjølv om prosjektet er vedteke i investeringsplanen og framlegget til budsjett er basert på denne, så er det likevel det endelege budsjettvedtaket kvart år som er avgjerande for om eit prosjekt skal gjennomførast.

Ørsta SV kjem til å legge inn i budsjettsamanheng eit framlegg om at det skal innførast ein sosial profil på eigedomsskatten, tilsvarande det som er innført i Volda kommune. For å kunne vurdere inndekning treng vi å vite eit estimat over kva dette vil koste, både ved 2 promille og 3 promille. Det blir sagt at kostnaden i Volda kommune (ved 3 promille) er om lag kr. 400.000,-.

KS har utalt seg om dette og det kan være fornuftig at ein har retningslinjer som fremmar likehandsaming – Inntektene må knytte seg husstandens samla inntekter – det er viktig at retningslinene ikkje vert nytta som bindande reglar som fører til automatisk ettergjevnad eller avslag. Det må gjerast konkret vurdering i kvart einskild tilfelle, opp mot lova sitt formål, eigedomskatten § 28 opnar ikkje for generell nedsetjing. 

Eit inntektstap er vurdert til å verte mindre enn 400.000.

I budsjettframlegget er det forslag om nedskjering av tilsette i barnehage og skule. Er det slik at ein med dei planlagte kutta vil kunne oppretthalde krav til bemanningsnormene? Skal kutta gå av styrkingsressursane, og korleis tenker ein at dette skal kunne gjerast utan at det vil få store og uforsvarlige konsekvensar for både borna som blir råka og  tilsette?

For å møte tildelt ramme er det desse tiltaka som må til. Vi må oppretthalde bemanningsnormene. Dei er lovfesta. For inneverande barnehage- og skuleår held vi normene. For neste barnehage- og skuleår er det vanskeleg å svare no. Planlegging startar i januar. Då ser ein betre kva som er mogleg å få til. Dette budsjettet gir 0 handlingsrom, og tiltaka for å tilpasse drifta til ramma vil merkast. Når vi har lagt den lovpålagde grunnbemanninga, er det ikkje anna enn styrkingsressursar igjen. Driftsmidlane utover lønsmidlar er redusert langt meir enn tilrådeleg, og gjer at alle utgifter må vurderast særs nøye. 

Kva gjer vi for å unngå at dette får store og uforsvarlege konsekvensar for born og tilsette? Kva som er uforsvarleg vil vere eit skjønsspørsmål, men det ligg i forvaltninga av tenester at desse skal vere forsvarlege. Vi vil ikkje ha ressursar til uføresette utgifter med dette budsjettet. Vi skal jobbe i lag med tenesteleiarane for å sjå korleis vi kan ta ned driftsutgiftene for å møte tildelt ramme. 

Tiltak kommunestyret kan gjere er å sjå på strukturen i tenestene – det gjeld tal driftseiningar, opningstider, feriestenging, samle SFO-drifta på dei største skulane, barnehagetilbod i samsvar med lova, ta ned tilbodet til ungdom, redusere kulturskulen, minimere opningstider på biblioteket, kino berre på dagtid … 

NAV - kva status har innhenting av refusjon av sjukepengar? Kor mykje blir bokført som tap i 2023?
  • NAV har lang saksbehandlings tid 11 til 16 månadar. 
  • 02.12.23 mottok vi refusjon frå NAV på kr: 3.296.512,-  gjaldt 2021,2022 og 2023.
  • Ein kan ikkje svare på kor mykje som blir tapsført i 2023. Fordi vi framleis får refusjon som gjeld 2023. 
  • Tap kan også vere urette krav, eller knytt til feilføringar frå tilsette
Kva skjer med tilskottet (tilsegn) på 8.7 mill frå Husbanken til ombygging av 3. etasje på Ørstaheimen? Dei som må bu i gamle Bakke-tun, austdelen i bygget, har rett til individuell tilrettelegging for å meistre kvardagen. Her har kommunen ei plikt . Å fjerne tersklar for bebuarane gir meir effektiv drift.

Det er avsett 17,259 mill brutto på investeringsbudsjettet for 2023 og 3,4 mill for 2024. Tilskotet frå Husbanken på 8,7 mill, er ein del av dette og er knytt til bygging av 7 nye sjukeheimsplassar på Ørstaheimen. Dersom dei ikkje vert bygde fell tilskotet bort og avsette investeringsmidlar går ut. 

Oppgradering brannsikring er inkludert i bruttobeløpet med kr.5.590.250,-

Ombygging av roma i austdelen frå 6 rom til 4 er ikkje del av dette prosjektet.

Dette er noko av det som må snarleg utbetrast i kyrkjene. Er noko av dette lagt inn i budsjettet? • Hjørundfjord kyrkje: Nytt wc og avlaup ca 50 000,- + mva. • Alle tre kyrkjene: Ny varmestyring, totalt ca kr 165 000,- + mva. • Ørsta kyrkje: Ny ringeautomatikk, kostnad ca 95 000,- + mva. • Ørsta kyrkje: Kjøken i kjellaretasje er frå 70-talet og ikkje tenleg til dagens bruk. • Ørsta kyrkje: Naudlys/ledelys ikkje tilfredsstillande og bør skiftast ut.

Så vidt vi kan sjå var ikkje noko av dette nemnt i Ørsta kyrkjelege fellesråd sitt framlegg til driftsbudsjett 2024 og dermed er ikkje dette lagt inn i budsjettet. Fellesrådet sitt framlegg var basert på dagens drift og framsto nøkternt med ei ramme på kr 5,8 mill. I kommunedirektøren sitt framlegg vart summen auka til kr 5,863 mill. for å dekke auka utgifter til renter og avdrag då det etter vår vurdering ikkje var teke nok høgde for dette i framlegget frå fellesrådet.

Fellesrådet har meldt inn behov for 3,7 mill for 2024 til investering, fordelt på: • 3 mill til namna minnelund på Askjellhaugen for ca 200 urnegraver. Her er det også berekna inn nokre kostnader til naudsynt arbeid med drenering,  og til reparasjon av gjerde på gravplassane. • 700 000,- til oppstart av utvendig vøling Ørsta kyrkje, reparasjon av råte og ny måling. Ligg dette inne i budsjettet?

Nei. Dei siste åra har ikkje Ørsta kommune gjennomført låneopptak på vegne av Ørsta kyrkjelege fellesråd, men i staden stilt kommunal garanti for slike lån.

 

Høyringa: Budsjett 2024 Økonomiplan 2024-2027

Følg oss