Fleire engasjerte for nye Velle skule

Wenche Solheim / Ørsta kommune

Om lag 60 interesserte personar deltok på det opne informasjonsmøte om nye Velle skule tysdag ettermiddag.

Ordførar Per Are Sørheim ynskte velkomen og viste takknemlegheit for det store oppmøtet på kulturhuset i det fine vårvêret. Han understreka at administrasjonen ville gje ei orientering og at det var høve til å stille spørsmål.

I løpet av møtet vart det gjeve informasjon om den politiske prosessen,  val av tomt og plassering for den nye skulen. Det vart òg vist bilete av dei nye klasseromma og planane for uteområda. Informasjon om trafikksikring og tiltak som skal setjast i verk både på kort og lengre sikt, vart delt. Dette vart vurdert som interessant og viktig av dei frammøtte. Det var semje om at tiltak for å motivere til mindre bilkøyring er viktige for trafikksikkerheita.

Etter møtet var det fleire som ynskte å diskutere vidare i mindre grupper. Kommunen fekk positive tilbakemeldingar om at møtet blei gjennomført og at informasjonen som vart delt, var verdifull.

Kjetil Masuhr og Ingvild Endal presenterte prosess og planar for uteområdet. Wenche Solheim / Ørsta kommune

Følg oss