Fairtrademøte om rutiner og varer

Ørsta kommune

Onsdag 3. april var det Fairtrademøte på Ørstaheimen for alle som er ansvarlege for innkjøp i Ørsta kommune og Volda kommune.  

Jan Erik frå ASKO, som kommunene har rammeavtale med, var tilstades for gjennomgang av rutiner for bestilling av Fairtradevarer og kva Fairtradeprodukt ASKO har tilgjengeleg for kommunene. I tillegg møtte Ingrid Opedal (leiar i  styringsgruppa for Ørsta og Volda Fairtrade) og Tove Halse Digernes (politisk representant frå Ørsta i styringsgruppa).

Dei som er ansvarlege for innkjøp av mat på sjukeheimane våre fekk innføring i korleis ein bestiller Fairtradevarer, skriv ut rapportar m.m.. Det var og gode diskusjonar knytt til produkt som ein ynskjer å handle, men som ikkje er tilgjengelege i dag.

Ragnhild Gjelsvik Varmo (Ørsta) og Andreas Kiperberg (Volda) er innkjøpsansvarlege i kommunene og var opptekne av korleis ein kan legge betre til rette for å levere inn statistikk for den totale mengde Fairtradeprodukta kommunene handlar, og korleis ein enkelt kan få oversikt over Fairtradeprodukta som er tilgjengelege gjennom avtalen med ASKO.

Ørsta kommune vart godkjent som Fairtradekommune i 2008, og er ei ordning der ein forpliktar seg til å handle minst to Fairtradeprodukt i kommunale innkjøp. Ørsta har hatt mål om å kjøpe kaffi og te som er Fairtrademerka. Fairtrade er ei merkevare for rettferdig handel og når ein kjøper FT-merka produkt vil arbeidarar og bønder i utviklingsland få ordentlege løns- og arbeidsvilkår. 

Vi skal vere stolte av å vere ei Fairtradekommune og målet må vere at prosenten Fairtradevarer vil auke i åra som kjem.

Ørsta kommune

Kontakt

Tove Halse Digernes varaordførar
@ Tove Halse Digernes

Følg oss