Brukarundersøking av byggesaker 2015

(Illustrasjonsbilete)

I perioden 29. september og 17.oktober har Ørsta kommune gjennomført ei brukarundersøking for dei som fekk vedtak av byggesak-/oppmålingseininga i 2015.

Undersøkinga er gjort for å kartlegge innbyggjarane sine meiningar knytt til byggesaksområdet. Dette gir kommunen eit grunnlag for oppfølging og forbetring. Med hovudsnittet 4,2 på ein skala frå 1-6, der 6 er best, syner resultatet at dei fleste er nøgde med byggesakstilbodet. Kommunen ligg litt under landssnittet på liknande undersøkningar, der snittet er 4,5. Sjølv om resultatet er bra, syner dette at kommunen har eit forbetringspotensiale. 

Resultata i Ørsta fylgjer resultata elles i landet med høgast score på respektfull behandling og påliteleg åtferd, og lågast på informasjon og tilgjenge. Kommentarane frå undersøkinga viser også at det er ulike oppfatningar. Mange er godt nøgde og gir positiv tilbakemelding, medan andre gir meir kritiske tilbakemeldingar. Desse uttrykkjer mellom anna at dei saknar større smidigheit, betre service og meir løysningsorientering. 
 
Teknisk sektor meiner at undersøkinga gir eit godt grunnlag for vidare arbeid. Det er stor aktivitet i alle delar av Ørsta kommune, og stor pågang på byggesaker. Det er difor tilsett ein ny medarbeidar i 2016, og vi ser at svarfrist i byggesaksbehandlinga har blitt betydeleg kortare dei siste åra.
 
Ørsta kommune skal med grunnlag i undersøkinga drøfte korleis ein kan bli betre innan alle kategoriar, ikkje minst innan informasjon og tilgjengelegheit. Dette gjeld både utforming av lover og reglar, korleis ein møter den enkelte på telefon, informasjon på heimesider og liknande. Kommunen legg opp til ei ny undersøking i første halvår 2017, der utgangspunktet vil vere dei ferdigstilte sakene frå 2016. 
 

Følg oss