Børsnotering av lån

Andrea Fivelstad.jpg

I årets låneopptak vart Ørsta kommune fyrst ute på Sunnmøre med obligasjonslån notert på Oslo Børs. Berre kommunane Eide og Molde var tidlegare ute i Møre og Romsdal med børsnoteringa.

Ørsta kommune gjennomførte i går 31.august ei bodrunde på fastrentelån kr 140 mill med 4 års løpetid. Det beste tilbodet var eit obligasjonslån med nominell rente på 1,54% og effektiv rente på 1,58%. Kommunen sparar 616 000kr på å velje dette tilbodet innan løpetida på 4 år.
 
Kommunen sine årsrapportar er sendt til Norsk Tillitsmann. Det tek normalt inntil ei veke å få «godkjenning», før lånet vert utbetalt. Avtalt utbetalingsdato er 6.9.2016. 
 
Med noteringa på Oslo Børs vil det medføre at delårsrapportar og årsrapportar må publiserast på heimesida til kommunen. For dei som er interesserte i utvikling av renteutgiftene til kommunen, så vert det i samband med tertialrapportane (30.4. og 31.8.) og årsrapporten (31.12) levert gjeldsrapport som syner samansetning av låneporteføljen og rentenivået. 
 

Følg oss