275 000 kroner til sosiale juletiltak

Ei gruppe personar med stor ein gåvesjekk. - Klikk for stort bileteFrivilligsentralane i dei sju kommunane på søre Sunnmøre møtte representantane frå sparebankstiftinga onsdag. Svein Arne Orvik

Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre gir ei stor førjulsgåve som blir fordelt gjennom frivilligsentralane.

“Vi i frivilligsentralane set enormt pris på å få denne store gåva, som vi igjen kan dele ut vidare. Det betyr mykje.” fortel dagleg leiar for Ørsta frivilligsentral Rebecca Riise Bjerknes. Gåva skal fordelst ut til ulike tiltak som gjer jula litt trivligare for dei som treng det mest. 

Sparebankstiftinga løyver til saman 1,5 millionar kroner via frivilligsentralane i dei sju kommunane på søre Sunnmøre. Pengane skal gå til matkort og arrangement i samband med jul.

Ørsta får 275 000 kroner. Pengane vil gå vidare til

  • matkort gjennom frelsesarmeen
  • julefest for flyktningane i introduksjonsprogrammet med familiar
  • «Julekveld for alle» 
  • julesamling i regi av Røde kors


Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre støttar allmennyttige formål. Visjonen til stiftinga er «Saman skapar vi engasjerte lokalsamfunn».

Stiftinga blei etablert tidlegare i år i samband med fusjonen mellom SpareBank1 Søre Sunnmøre og SpareBank1 SNM. Stiftinga disponerer tildelt overskot frå SpareBank1 SMN og overskot frå den finansielle forvaltinga til stiftinga.

Kontakt

Rebecca Riise Bjerknes Leiar Ørstahallen og Frivilligsentralen
91313572
@ Rebecca Riise Bjerknes

Følg oss