Stengingar og vaslar

Kokepåbod: Åmbakk til Bondalseidet. Les meir.

Høyring: Skiltplan ved Ørstahallen, Holmegata og deler av Anders Hovden-gata

Her kan det vert forkøyrsveg. Ørsta kommune

Framlegg til skiltplan ved Ørstahallen, Holmegata og deler av Anders Hovden-gata ligg no ute på høyring.

I samband med vurdering av trafikktryggingstiltak ved Velle skule, har kommunen motteke mange innspel knytt til krysset Anders Hovden-gata – Holmegata. Som eit tiltak for å betre trafikkflyten vurderer Ørsta kommune å forkøyrsregulere krysset, slik at Holmegata vert forkøyrsveg.

Kart. - Klikk for stort bilete Ørsta kommune

Krysset mellom Anders Hovden-gata og Holmegata er i dag eit uregulert X-kryss, og vert av mange opplevd som uoversiktleg og utrygt. Det er gjennomført trafikkteljingar i alle fire armane, sjå kartutsnitt. Teljingane syner høge trafikktal i alle armane. Teljingane syner vidare to relativt like maks-belastningar kl. 08-09 og 15-16. Samla utgjer desse to tidspunkta 20% av trafikkmengda. Det har vore vurdert å stenge ei arm i krysset, men dette ville påvirke trafikkflyten for området meir, også utanfor tidspunkta med kapasitetsutfordringar. Tidlegare har det også vore vurdert etablering av «minirundkøyring», men dette er ikkje gått vidare med. Det har også vore forsøkt å etablere forkøyrsregulering av Anders Hovden-gata, men dette gav auka fart og trafikkbelastning då mange oppfatta Anders Hovden-gata meir som ein gjennomfartsveg. Dette tiltaket vart difor reversert.

Alternativet vi no foreslår er å prioritere trafikken i Holmegata for å strukturere trafikkflyten i X-krysset meir. Det viktegaste målpunktet i maks-timen, og også store deler av døgnet elles, er p-plassane utanfor Ørstahallen i enden av Holmegata. Den enklaste og mest oversiktlege strekninga til overordna veg er såleis Holmegata til rundkøyring på E39. Det er ikkje andre kryss langs Holmegata, berre avkøyringar til andre p-plassar. Vi foreslår difor å etablere eit forkøyrsregulert kryss jf. N300 pkt. 3.4.5. framfor å forkøyrsregulere heile Holmegata. 

I skiltplanen er det vidare foreslått å gjere nokre mindre justeringar i skiltinga i enden av Holmegata. Sjå skiltplan og skiltliste for detaljar:

 

Vi ber om at eventuelle innspel/merknader vert sendt til Ørsta kommune innan 13.05.2024.

Ørsta kommune
Adresse: Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta
E-post: postmottak@orsta.kommune.no

 


 

Kontakt

Matias Kårstad vegingeniør
90801980
@ Matias Kårstad

Følg oss