Dei frivillige er gull verdt for folkehelsa!

God helse

 

Skisesongen takkar snart for seg og våren er rett rundt hjørnet. Ørsta kommune ønskjer difor å nytte høvet til å takke alle frivillige som jobbar med, og tilrettelegg for at vi kjem oss ut i naturen:   

- "Vi er så takknemmelege for det gode og verdfulle dugnadsarbeidet de gjer. Tusen takk!",
seier folkehelsekoordinator Ingvild Endal.

 

Kvar finn eg turforslag:

  • Morotur.no, drifta av Møre og Romsdal fylkeskommune.
  • UT.no, drifta av DNT. 

 

- Det er bevist, naturen kurerar stress: 

"Den danske rapporten «Viden om friluftslivs effekter på sundhet» stadfestar at naturen kurerer stress. Når vi oppheld oss i grøne omgjevnadar vert stressnivået redusert, samanlikna med å opphalde seg innandørs eller i urbane område. Det viktigaste er at vi kjem oss ut, om vi er i røyrsle eller ei har ikkje så mykje å seie", seier Endal. 

Endal viser til artikkelen "Nå er det bevist: Naturen kurerer stress", på norskfriluftsliv.no.

Kontakt

Ingvild Endal folkehelsekoordinator/kulturkonsulent
91765389
@ Ingvild Endal

Følg oss