Dei frivillige er gull verdt for folkehelsa! Skisesongen takkar snart for seg og våren er rett rundt hjørnet. Ørsta kommune ønskjer difor å nytte høvet til å takke alle frivillige som jobbar med, og tilrettelegg for at vi kjem oss ut i naturen: - "Vi er så takknemmelege for det gode og verdfulle dugnadsarbeidet de gjer. Tusen takk!", seier folkehelsekoordinator Ingvild Endal. Kvar finn eg turforslag: Morotur.no, drifta av Møre og Romsdal fylkeskommune. UT.no, drifta av DNT. - Det er bevist, naturen kurerar stress: "Den danske rapporten «Viden om friluftslivs effekter på sundhet» stadfestar at naturen kurerer stress. Når vi oppheld oss i grøne omgjevnadar vert stressnivået redusert, samanlikna med å opphalde seg innandørs eller i urbane område. Det viktigaste er at vi kjem oss ut, om vi er i røyrsle eller ei har ikkje så mykje å seie", seier Endal. Endal viser til artikkelen "Nå er det bevist: Naturen kurerer stress", på norskfriluftsliv.no. Publisert 27.03.2018 08:05