Veke 8: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 21.02.23 – 28.02.23

  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 1 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på trafikkulukke. Brann- og redningsvesenet rykker jamleg ut til trafikkulukker. Brann- og redningsvesenet er i den samanheng redningsressursen som skal sikre kjøretøya mot brann og evt. Frigjer personar som er fastklemde. Vi er derfor utstyrt med ein rekkje frigjeringsutstyr for å sikre at ein har noko for ein kvar situasjon. Brannkonstablane går derfor jamleg gjennom dette utstyret for å vere trygge på bruken av det.
  • 19:12 Måndag kveld rykte vaktlag 1 ut til automatisk brannalarm frå Volda Ørsta reinhaldsverk. På staden går ser ein av branntavla kvar alarmen har gått og lokaliserar utløyst røykvarslar. Alarmen skuldast damp/eksos frå arbeid på staden. Ingen brann.
Frigjeringsutstyr, brukt t.d. til å frigjer personar som er fastklemde i ei trafikkulukke. Ørsta brann og redning