Veke 51: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 19.12.23 – 26.12.23

  • 11:27 Torsdag rykte vaktlag 2 ut til utforkøyring på Flåskjer. Brannkonstablane tok i vare dei forulukka og dirigerte trafikk. Når Dei forulukka var frigitt fikk brann personane på buss heimigjen. Politiet tok over dirigering i påvente av bilberger.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 3 kontroll av utstyr og bilar, samt øving med stigebilen. Brannvesenet er ute på mange oppdrag der ein er avhengig av å komme til på vanskelege stadar på ein trygg måte. Enten det er for å hente person opp frå sjøen, eit barn ned frå eit tred, komme til frå utsida på ei høgblokk eller for å skjære hål i ein takkonstruksjon for å ventilere røykgassar ved ein husbrann. Då er det svært godt å ha ein trygg platform å stå i eller sikre seg til om det ein står på skulle kollapse. 
  • 04:41 Onsdag gikk det full alarm til brannkonstablane i Ørsta. Det var meldt om røyk i heile bustaden utan openbar kjelde. Politiet var først på staden og lokaliserte brannen tidleg til kjellaren. Røykdykkarar var sendt inn gjennom trapp til kjellar frå 1.etg medan ytterdør til kjellar var brutt opp. Ein person var henta ut av røykdykkarane og vart sendt til sjukehus for kontroll. Brannen var lokalisert til svartsvidd mat på steikeplate. Tjukk tett røyk i kjellaren var lufta ut med vifter.