Veke 50: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 12.12.23 – 19.12.23

  • 12:16 Tysdag ettermiddag rykte innsatsleiarvakta ut til røykutvikling frå lysarmatur i privat bustad. Lysarmaturen og sikringsskapet var kontrollert med varmekamera. Huseigar var bedt kontakte elektrikkar for utbetring og kontroll av anlegget.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 2 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på pipebrann og bruk av stige. Ein pipebrann er ein ukontrollert brann uforbrent materiale i røykløpet som kan gi svært høge temperaturar. Som følge av dei høge temperaturane er det høg sannsynligheit for brannsmitte til bygninga. Brannkonstablane må kjenne til orsakane, svakheitene og korleis ein handterar dei.
  • 15:40 Laurdag rykte innsatsleiarvakta ut til branntomt for å bistå Politiet med vurdering av fare for nedfall i forbindelse med kraftig vind. Det vart vurdert at det ikkje var noko umiddelbar fare for nedfall..
  • 16:05 rykte brannkonstablane på Sæbø ut til vassinntrenging i kjellar på Sæbø. Brannkonstablane leia vatnet forbi med ei grøft og pumpa ut det vatnet som var komt inn.