Veke 5: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 31.01.23 – 07.02.23

  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 2 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på trafikkulukke. Brann- og redningsvesenet rykker jamleg ut til trafikkulukker. Brann- og redningsvesenet er i den samanheng redningsressursen som skal sikre kjøretøya mot brann og evt. Frigjer personar som er fastklemde. Vi er derfor utstyrt med ein rekkje frigjeringsutstyr for å sikre at ein har noko for ein kvar situasjon. Brannkonstablane går derfor jamleg gjennom dette utstyret for å vere trygge på bruken av det.