Veke 24: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 13.06.23 – 20.06.23

  • Tysdag 14:00 – 16:00 Øvde brannkonstablane ved Øye branndepot på pumpekøyring, utvendig slokketeknikk og korleis bruke vatnet mest effektivt. For eit brannkonstablane på Øye vil etablering av vassforsyning og effektiv bruk av vatn vere viktig. Særskildt dei stadane der det er langt til nærmaste vasskjelde og kanskje mengda er begrensa.
  • Onsdag og torsdag var alle røykdykkararane til ØBR gjennom fysisk test. Brannmannskapet må årleg gjennom ein fysisk test for å sjå til at dei er i god fysisk form til å takle dei påkjenningane ein kan verte utsett for.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 1 kontroll av utstyr og bilar, samt gjennomgang av overflateredningsutstyret . Ved hendingar i vatn vert brannvesenet utkalla og må då ha kunnskap og utstyr for å hente personar og dyr opp frå vatn. Brannkonstablane øvede på rask oppkledning og gjekk gjennom alt utstyret.
  • Laurdag var Bjørnis med 110års feiring for Brunvoll i Volda. Bjørnis synst det var kjekt at så mange store og små møtte opp.