Veke 11: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 14.03.23 – 21.03.23

  • 07:42 Onsdag morgon rykte brannkonstablane ved Vartdal brannstasjon ut til trafikkulukke i Hjørundfjordstranda. Ein buss hadde kollidert med ein personbil. Brannkonstablane sperra vegen, frigjorde person, tok hand om dei forulukka og sikra køyretøya mot brann. Personbilen var ein EL-bil. Det var ekstra fokus på kontroll av temperaturar og å ta straumen på denne for å ha oversikta over om temperaturen i batteriet ville stige som følgje av evt. skader. Ein person var frakta til sjukehus for kontroll. Vegen vart stengt fram til bilbergar kom og fekk fjerna køyretøya.
  • 18:00 – 20:00 Onsdag Øvde Vaktlag 2 og 4 frå Ørsta og brannkonstablane ved Vartdal brannstasjon på røykdykking på Barstadvika skule. Senarioet var kraftig brann i bygget med tre sakna. Brannkonstablane iverksette røykdykking og etablering av vassforsyning.
    • ​​​​​​​​​​​​​​Når brannkonstablane frå Ørsta kom på staden vart det sett inn eit røykdykkerlag nr. 2 for å søke raskast mulig gjennom alle dei tre etasjene. Resterande brannkonstablar måtte rulle slangar og finne og grave fram næraste brannkum. Godt gjennomført øving med mykje god læring.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 4 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på farleg gods. Ved hendingar med farlege stoff er det brann og redningsvesenet som rykker ut for å ta hand om det. På Sunnmøre har vi eit samarbeid med alle brannvesena. På Søre Sunnmøre er det Ørsta og Herøy som har utstyr og kjemikaliedykkarar. Vi rykker då ut til nabo kommunane ved behov. I den samanheng har Ørsta ein del verneutstyr og utstyr for å tette lekkasjar alt etter type stoff og eigenskapar. Gass, Væske, fast stoff, giftig, etsande, oksiderande, brannfarleg, radioaktivt med meir.
  • 15:50 Laurdag ettermiddag rykte vaktlag 4 ut til trafikkulukke på Vallabøen. På staden kom det fram at det var to personbilar involvert. Brannkonstablane stengte vegen, tok straumen på bilane og rydda vegbana. Ambulansen sjekka ut dei forulukka.