Veke 19: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 04.05.21 – 11.05.21

18:00 - 20:00 Tysdag øvde konstablane på Vartdal brannstasjon på vassføring og røykdykking. I Ørsta har vi tre stasjonar med røykdykkerteneste. Ørsta, Vartdal og Sæbø. Desse øver gjevnleg på røykdykking. Røykdykking handlar i hovudsak om å søke gjennom et røykfylt område på ein trygg og effektiv måte for å finne sakna og/eller sløkkje brann.

11:57 Onsdag rykte ØBR ut til brann i bygning på Ørsta ungdomsskule. Framme på staden kom det fram at det var sett fyr på ei båsbøtte på eit av toaletta. Ein av dei tilsette hadde sløkt brannen og tatt ut båsbøtta. Brannvesenet kontrollerte for temperatur og røyk. Lufta ut og tilbakestilte. Helse tok seg av dei som hadde fått i seg røyk.

18:00 - 20:00 Onsdag øvde vaktlag 1 og 2 på tauredning og sikring. Brannvesenet er ut på mange type hendingar der høgde er ein faktor. Enten ein stå på eit tak og sløkkjer ein brann, vert utkalla på fallulukke eller utforkøyring. For å ivareta eigen sikkerheit og å sikre andre er brannkonstablane avhengig av å ha god kunskap om bruk av tausikringsutstyr.

18:46 Torsdag kveld rykte ØBR ut til brann i båt i hamna ved Nipevegen. Brannvesenet fikk skjerma nærliggjande båt med brannteppe og starta slokking. Nærliggjande båt vart så fjerna og brannen sløkt.

16:00 - 17:30 Fredag hadde vaktlag 2 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på medmenneskelege faktorar. Brannkonstablane er ute på mange ulike akutte hendingar. Alt frå alvorlege trafikkulukker og drukning til reine helseoppdrag med hjertestans og psykiatri. Det er då viktig at brannkonstablane kjenner seg trygg og har nokon å prate med for å be arbeide eventuelle tankar ein sitt at med. Dette har vi faste rutiner for med defuse og debrief etter hendingar.

20:57 Laurdag rykte ØBR ut til akutt forureining i Ørsta hamn. Brannvesenet fann ikkje noko konkret forureiningskjelde, men eit området det kom frå og valde å avgrense utsleppe med å dele hamna med oljelenser. Sak sendt viare til forureiningsmynde i kommunen.

Frå tauøvinga i Ørsta.

Frå tauøvinga i Ørsta.