Veke 18: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 27.04.21 – 04.05.21

19:56 Tysdag Rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå Hovden næringssenter

18:00 - 20:00 Øvde stasjon Vartdal trafikkulukke. Vartdal rykker kvart år ut til mange trafikkulukker, særskild knytt til E39 som går gjennom deira område. Fokus på øvinga var hurtig frigjering av pasientar med bruk av hydraulisk utstyr.

18:00 - 20:00 Øvde vaktlag 1 og 2 på bruk av bilbrannteppe. Brannvesenet har eit stort teppe ein kan legge over bilar i brann for å sløkke og begrense skadene frå ein brann. Dette kjem særskildt godt med i garasjer der rask innsats og avgrensing er essensielt for at brannen ikkje skal spreie seg.

18:00 - 20:00 Øvde stasjon Sæbø på vassforsyning. På Sæbø som mange andre stadar i Noreg har varierande slokkevasstilgong. Det er derfor svært nyttig å øve på vassforsyning og sjå på lokale problemstillingar knytt til det.

21:50 Fredag rykte ØBR ut til melding om mistenkeleg bål i sentrum. Framme på staden var bålet sløkt. Innsatsleiar køyrde ei runde og kontrollerte, ingen teikn til noko mistenkeleg aktivitet.

21:50 Laurdag rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå institusjon i sentrum. Framme på staden kom det fram at alarmen skuldast røyk frå matlaging. Ingen brann.

17:57 Søndag rykte ØBR ut til brann i løde på Vartdal. Som følgje av tidleg varsling og tidleg innsats av huseigar med hageslange vart brannen raskt sløkt av brannvesenet når dei kom på staden. Brannvesenet gjennomførte grunndig etterslokking og temperaturkontroll før bygget vart overlatt til huseigar.

11:29 Måndag rykte ØBR ut til grasbrann på Vartdal. På staden viste det seg å vere planlagd bråtebrenning som hadde havna litt ute av kontroll. Brannkonstablane bistod med slokking.