Veke 17: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 20.04.21 – 27.04.21

12:06 Fredag rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå Kiwihallen. Framme på staden viste det seg å vere nokon som hadde trykt inn ein manuell meldar. Brannvesenet kontrollerte og fann ingenting unormalt. Anlegg tilbakestilt og brannvesenet returnerte til stasjon.

16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 4 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på medmenneskelege faktorar. Brannkonstablane er ute på mange ulike akutte hendingar. Alt frå alvorlege trafikkulukker og drukning til reine helseoppdrag med hjertestans og psykiatri. Det er då viktig at brannkonstablane kjenner seg trygg og har nokon å prate med for å be arbeide eventuelle tankar ein sitt at med. Dette har vi faste rutiner for med defuse og debrief etter hendingar.

18:00 – 20:00 Måndag øvde vaktlag 3 og 4 på bilbrann teppe. Brannvesenet har eit stort teppe ein kan legge over bilar i brann for å sløkke og begrense skadene frå ein brann. Dette kjem særskildt godt med i garasjer der rask innsats og avgrensing er essensielt for at brannen ikkje skal spreie seg.