Veke 13 og 14: Nytt frå brannvakta


Brann og redningsloggen 23.03.21 – 06.04.21


Brann og redningsloggen 23.03.21 – 30.03.21

13:00 Onsdag rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå ein institusjon i Ørsta sentrum. Framme på staden viste det seg å vere teknisk feil på ein sensor i ei utebod. Innsatsleiar bistod med tilbakestilling.

11:00 Laurdag rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå bedrift i Hovdebygda. Framme på staden kom det fram at alarmen skuldast vassdamp. Ingen brann.
 

Brann og redningsloggen 30.03.21 – 06.04.21

12:00 Laurdag rykte ØBR ut til bål med blå røyk i Hovdebygda. Framme på staden viste det seg å vere brenning av avfall. Brannvesenet ba personane sløkkje bålet og levere avfallet til avfallsmottak.