Veke 12: Nytt frå brannvakta


Brann og redningsloggen 16.03.21 – 23.03.21

16.00 - 17:30 Fredag hadde vaktlag 3 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på farleg stoff. Ved hendingar med farlege stoff er det brannmannskapet som rykker ut for å ta hand om det. På Sunnmøre har vi eit samarbeid med alle brannvesena. På Søre Sunnmøre er det Ørsta og Herøy som har utstyr og kjemikaliedykkarar. Vi rykker då ut til nabo kommunane ved behov. Det er i den forbindelse ein del verneutstyr og tettingsutstyr ein må ha kontroll på.

19:01 Fredag rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå Ørsta ungdomsskule. Orsak til alarm var truleg damp frå badstue.

08:00 – 15:30 Måndag hadde brannkonstablane på Sæbø Brannstasjon Akutthjelpar kurs.

11:30 Måndag rykte ØBR ut til to ugler fast i skorstein på Sporstøl. Uglene var etter mykje om og men tekne ut og sett fri. I god behald.

08:00 – 15:30 Tysdag hadde brannkonstablane på Vartdal brannstasjon Akutthjelpar kurs. Dette er eit kurs for å styrke brannmannskapet sin kompetanse på førstehjelp. Brannvesenet er i snitt på plass med pasienten 16 minutt før lege og helsepersonell. Dette har med måten brannvesenet er dimensjonert på, der ein har brannstasjonar og branndepot fordelt utover basert på eit strengt krav til innsatstid frå alarmen går til ein skal vere på plass med første innsatsstyrke. Brannvesenet er i tillegg ute på ein rekkje andre akutte hendingar der god kompetanse på førstehjelp kjem godt med.