Stengingar og vaslar

Kokepåbod: Åmbakk til Bondalseidet. Les meir.

Synfaring på farlege vegstrekningar

- Ynskje om gang- og sykkelveg langs riks- og fylkesveg


Synfaringa ved Dalane skule.







Aktørar frå fylkestrafikktryggingutvalet (FTU), Statens vegvesen, politi og Ørsta kommune var samla til synfaring tysdag 21. august. Her fekk utvalet sjå nærare på vegstrekningar i kommunen med særlege behov for gang- og sykkelveg. Dette er strekningar langs riks- og fylkesveg som kommunen har på si prioriteringsliste, men som ikkje enno har blitt prioritert av Statens vegvesen og fylkeskommunen.

Ordførar Stein Aam hadde invitert fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU) til å halde møtet sitt i Ørsta, som starta med synfaring etterfulgt av bedriftsbesøk ved Vik Ørsta. 

 

Barstadvik – Hjellen, E39

(trykk på biletet for å gjere det større)Første stoppet på synfaringa var i Barstadvik, og strekninga Barstadvik – Hjellen, langs E39. Her har både innbyggjarane og kommunen hatt eit ynskje om å få på plass gang- og sykkelveg i ein årrekke. Dette er ei strekning på vel 200 meter, der ein gang- og sykkelveg vil gi trygg ferdsel for mjuke trafikkantar langs riksvegen til Hjellen. Det vart avklart at Statens vegvesen vil gjere klart eit kostnadsoverslag på kva ein gang- og sykkelveg langs riksvegen her vil koste.

Det vart elles påpeika at det allereie er gjort eit godt stykke arbeid i høve trafikktrygginga av Barstadvik langs E39, men at desse 200 meterane er svært nødvendig i ein 80-sone med mykje tungtrafikk.

 

Høgtidleg overlevering ved Dalane skule

Iver Nordseth, leiaren i fylkestrafikktryggingsutvalet tok i mot teikningar og tekster frå elevane ved Dalane skule.

Synfaringa heldt fram i Åmdalen, med varm velkomst frå elevar og tilsette ved Dalane skule. Rektor Audhild Baarholm Øye hadde høgtidleg overrekking av teikningar og tekster som borna ved skulen hadde laga til fylkeskommunen. Overrekkinga understreka det sterke ynskje og behovet for å få på plass ein gang- og sykkelveg, slik at borna trygt kan gå og sykle til skulen langs fylkesveg 655.  
 

 

Kommunen startar arbeidet

(trykk på biletet for å gjere det større)Til hausten vil kommunen starte opp bygginga av gang- og sykkelveg mellom Dalane skule og kysset med Tussavegen, noko som gir ein start på utbetringa av skulevegen til borna.  Kommunen har søkt og fått statleg tilskot på 460.00 for å bygge ny gang- og sykkelveg på denne strekninga langs fylkesveg 655, gjennom ordninga «Tilskudd til tiltak for økt sykkelbruk 2018». Føresetnaden er at kommunen sjølv betalar tilsvarande beløp til utbygginga.

 

Til no er kommunen ferdig med prosjektering og har utarbeidd konkurransegrunnlag for bygging av gang- og sykkelvegen. Konkurransegrunnleget ligg til godkjenning hjå Statens vegvesen og vil bli lyst ut på anbod når godkjenninga her er klar. Ørsta kommune har som mål å starte arbeidet med bygginga i løpet av hausten 2018, føresett at ein med dei statlege løyvingane har økonomi til å gjennomføre prosjektet.


Fleire stoppestadar

Avdelingsleiar for Plan og miljø, Gunnar Wangen viser på kartetFør stoppet i Åmdalen stoppa delegasjonen i krysset mellom Anders Hovden-gata og f.v. 655. Her vart det peika på at kommunen ynskjer å gjere krysset om til ei rundkjøring for betre trafikktryggleiken og få betre flyt på fylkesvegen inn mot sentrum. 

Det vart også tid til eit stopp på Melsvegen på veg tilbake frå Åmdalen, ved framtidig kryss for ny samleveg frå Smådalane. Her ynskjer kommunen ei samordna prioritering mellom kommunen og fylkeskommunen, slik at fylkesvegen kan rustast opp med tilhøyrande fortau i høve bygging av ny samleveg i Smådalane. 
 

 

Ørsta trafikkterminal

Synfaringa vart avslutta ved den nye bussterminalen i Ørsta sentrum. Les meir om omlegginga av bussterminalen her.

Etter planen vil Statens vegvesen ha klart ferdigstillinga av bussterminalen 1. november i år.