Stor lærelyst på opplæringssenteret!

IllustrasjonsbileteFor første gong har Ørsta opplæringssenter gjennomført brukarundersøking blant deltakarane sine på norskopplæring og grunnskule. Alle dei 48 deltakarane svarte på undersøkinga, som vart oversett til 4 ulike språk; tigrinja, arabisk, somali og engelsk.

Tabell1

 

I undersøkinga svarar heile 92,7% at dei alltid eller ofte har lyst til å lære på skulen. Det er ingen som seier at dei sjeldan eller aldri har lyst til å lære, dette er eit svært godt resulat. Det er høg motivasjon og lyst til å lære blant elevane på opplæringssenteret.
 

 


Høg trivsel og flinke lærarar

Tabell2Eit utdrag frå brukarundersøkinga viser at 87,5% seier dei trivast godt eller svært godt på opplæringssenteret. 70,8% av elevane seier at dei alltid eller ofte har nokon å vere med i pausane. Om lag 29,2% seier at dei nokre gongar eller sjeldan har nokon å vere med i pausane, av desse svarar 6,9 % at dei sjeldan har nokon å vere med.

Lærarane på opplæringssenteret kjem også godt ut av undersøkinga. Heile 95,8% av elevane føler at lærarane alltid eller ofte bryr seg om dei. 95,8 % seier også at dei alltid eller ofte får god hjelp av lærarane når dei har problem med å forstå arbeidsoppgåvene på skulen.

Resultata frå undersøkinga vart lagt fram for lærarkollegiet og i dei ulike deltakargruppene for diskusjon. Tilbakemeldingane vil også bli brukt i deltakarsamtalar.